• Veskelås oxydert

    Veskelås oxydert

  • Oksidert sølv

    Oksidert sølv

  • Byggkornring oxydert

    Byggkornring oxydert

  • Bunadsølv-Øst-telemark-dame

  • Almankås Øst-Telemark bunadskjorte

  • Almankås Øst Telemark damebunad

Bunadsølv

Sølv til Øst-Telemark damebunad

Til Øst -Telemarkbunadene er det vanleg å bruke halsring, Slangesølje og Bolesølje, mansjettar i armane og maler på livet. Det hører veskelås til veska. Ein kan også bruke spenne på beltet og på kufta. Sølvet kan være oxydert eller antikkforgylt .

Pris og detaljar

Kontakt oss gjerne for å snakke om ulike muligheiter og prisar.
Bunaden blir til i tett samarbeid med deg.

Passer til

  • Almankås Øst-Telemarkbunad prinsesse forkle

    Øst-Telemark damebunad med prinsesse mønster

    Prinsesse er eit gammalt mønster som blei tegna opp igjen av Anne Bamle på starten av 1900-talet.

    Sjå meir
  • Almankås Øst Telemark dame band

    Øst-Telemark damebunad med band og prinsesse mønster

    Prinsesse med band skil seg ut med sitt raude liv og broderte livkantar og forkleband.

    Sjå meir
  • Øst-Telemarkbunad rankemønster

    Øst-Telemark damebunad med rankemønster

    Ranke kjenneteiknas ved at den har ei brei ranke som snor seg rundt stakken.

    Sjå meir
Halsring i sølv på en bunadskjorte

Halsring

Halsringen brukas for å halde skjortesnippane sammen og er ein direkte etterkommar etter vikingtidas ringspenner.

Halsringane fins i to størrelser, er handlaga frå Rysstad og leverast i forgylt eller oxydert.

Bildet viser ein stor halsring 40 mm med doble krusar og demant, nr. 2506 oxydert kr. 2.800.

Liten enkel halsring i  størrelser 31 mm nr. 2501 koster kr. 1.670.

Byggkornring i oxydert sølv i halsen på ei Øst-Telemark skjorte

Byggkornring

Byggkornringen er  alternativ til halsringen og var veldig vanleg i Telemark.

På bildet Byggkornringen nr. 2101 er 55 x 47 mm, handlaga frå Rysstad, leverast i forgylt og oxydert, pris kr. 7.560.

Forgylt slangesølje med lauv ligger på et sort underlag

Slangesølja

Slangesølja var veldig populær i Telemark og er ei typisk filigransølje. Den brukas i dag som hovedsølje eller midterste sølje på Øst-Telemarkbunaden. Slangesølja kan ein  få i oxydert eller forgylt, med eller uten lauv.

På bildet gammal forgylt slangesølje 72 mm med lauv nr.1506, leveres også i oxydert, pris kr. 12.600.

Enkel slangesølje 61,5 mm u/lauv nr. 1503 kr. 7.560.

Handlaga frå Rysstad

Bøheradsring i forgylt sølv

Bøheringsringen

Bøheringsringen er spesiell for Bø og hører til beltestakken, men kan også brukes til Øst-Telemark bunaden .

Mange brukar Bøheringsringen som hovedsølje til beltestakken, men ein kan også bruke den i midten på Øst-Telemark bunaden.

På bildet stor Bøheringsring med dobber og demant i forgylt, nr. 2004 kr. 15.930.

Leveres også i oxydert.

Bolesølje-bunad-Telemark

Bolesølja

Bolesølja er den største sølja og var frå gammalt av den mest verdifulle sidan prisen gjekk etter vekt. Den har namnet sitt etter dei seks opphøgde ringane, eller bolene som lagar forma på sølja. I dag brukas bolesølja oftast som hovedsølje til Øst-Telemarkbunaden.

Bildet viser gjennombrutt bolesølje 80 mm i forgylt, nr. 1012 kr. 12.000.

 

Maler Øst-Telemark bunad

Malene

Malene på livet er berre til pynt på Øst-Telemarkbunaden, dei kjem både med og utan lauv.

På bildet male nr. 4002 diam. 28 mm oxydert med demant kr. 995 pr. stk.

Handlaga frå Rysstad, leverast også i forgylt.

Forgylt filigrans dobble mansjettknapper

Mansjettknapper

Mansjettknappane i armane er tradisjonsrike filigransknappar.

Her filigrans dobble armknappar nr. 5034, liten og stor knapp i forgylt, kr. 2.100.

Handlaga frå Rysstad, leverast også i oxydert.

Beltespenne i sølv til Telemarksbunaden

Beltespenne

Beltespenne på Øst-Telemarkbunaden er ikkje nødvendig, men mange vil gjerne ha den ekstra utsmykkinga.

På bildet er det et stort beltespenne med 2 farger 180 x 53 mm, nr. 3001 kr. 13.230.

Beltespenne leverast også i mindre størrelser.

Handlaga frå Rysstad

Almankås Øst-Telemark damebunad

Jakkespenne

Jakkespenne på kufta er ikkje berre til pynt, det har også sin funksjon, men er ikkje nødvendig i dag.

Bildet viser jakkespenne nr. 3540 80×33 mm i forgylt sølv, kr. 4.455.

Handlaga frå Rysstad

Veskelås oxydert

Veskelås

Dei fleste velger bunadsveske til vest og øst Telemarksbunaden.

Me leverar støpte tradisjonsrike veskelåsar fra Johns. Kristansen i oxydert og forgylt.

Kr. 2.150.

#mintelemarksbunad