• Telemarksbunad

    Rundtrøye 1910 og beltestakk

  • Herrebunad fra Telemark

    Rundtrøye 1880 (t.v.) og rundtrøye 1910 (t.h.)

  • detaljer på herrebunaden

    Jakka har fine stikninger nede på jakka

  • Enkeltspendt vest til bunad

    Vesten er enkeltspendt uten slag

  • gammel rundtrøye jakke

    Den originale 1910 rundtrøye jakka

  • Jakke til vest Telemarksbunad herre

    Jakken er formsydd med fine detaljer bak

  • Beltestakk og rundtrøye

  • Telemarksbunad til herre

    Jakken har også stikninger nede på ermene

Rundtrøyebunad

Rundtrøye 1910

Denne rundtrøya vår er frå garden Selstugu i Tuddal. Den er av nyare dato – rundt 1910 seier fagfolk. Den har ei meir «moderne» utforming, med smalare armar, enkeltspendt vest utan slag og kan ha vore sydd i lettarer stoff. Vi ser på denne modellen som eit alternativ for dei som ynskjer ein lettare og ikkje fullt så varm bunad.
Her kan vi også tilby litt variasjon i stoffvalg – som f.eks. drape og andre lette ullstoff med struktur/mønster.

I dag kallas rundtrøya ofte «Vest-Telemarkbunad». Det er ikkje rett. Den vart nytta i heile fylket, og med små variantar også i andre fylke.
Hos Almankås syr me to ulike rundtrøyebunader. Me har vore så heldige å funne to opprinnelege modellar. Begge modellane har opphav i Tuddal, og er mest sansynleg sydd der av lokal skreddar. Dette viser og at denne bunaden var vanleg i Aust-Telemark.


Rundtrøya, også kalla stuttrøya, tok over etter gråtrøya alt frå 1880 åra. Dette er ein meir dressprega bunad som bygger på den nye mannsmoten ute i Europa på fyrste del av 1800-talet, og vart vanleg litt seinare her i landet. Rundtrøya kjenneteiknast av den korte jakka, stuttrøya, med den avrunda formen nederst – noko mange meiner er opphavet til navnet «rundtrøye». Det er få gamle utgaver å sjå i dag, men dei vi har er sydd i kraftig klede, og ofte er det brukt beinknappar. Det har nok og vore bruka sølvknappar, det ser vi på gamle bilde.

Kontakt oss gjerne for å snakke om ulike muligheiter og prisar.
Bunaden blir til i tett samarbeid med deg.

Tilbehør

  • Silketørkle i blå lilla og gult

    Silketørkle

    Silketørkle kjem i svært mange ulike utgåver. Variasjon i både mønster og farger er stor.

    Sjå meir
  • Herre med grøn jakke til Øst-Telemarksbunaden

    Sølv til herrebunaden fra Telemark

    Ein brukar det samme sølvet til Øst- og Vest-Telemark herrebunad.

    Sjå meir
  • Smal sort bunadsko med hel på 25mm

    Bunadsko i mykt skinn til herre

    Bunadsko til herre fra Klaveness, og håndlaga dufsesko fra Telemark

    Sjå meir
  • Silke tørkle i mange farge varianter og sort filt hatt

    Alt av tilbehør til herrebunaden fra Telemark

    Vi har alt av tilbehør til herrebunaden fra Telemark : Silke tørkle i mange farger, sort filt hatt, alt av sølv, knestrømper, strømpebånd, sko osv..

    Sjå meir