Beltestakk damebunad
Tilbehør, Vedlikehald

Ta vare på bunaden din!

Tar du godt vare på bunaden held den seg like flott i mange år. Her får du nokre tips om korleis.

Bunaden

Reingjering
Flekkar på bunaden fjernas normalt med mildt såpevatn. Ta alltid flekkane med ein gong, før dei setter seg i stoffet. På vanskelege flekkar som fett og saus, kan du bruke whitesprit på ei fille og gni flekken forsiktig bort.

Me anbefaler å gå over bunaden etter bruk – sjekk om du har fått flekkar, om noko har løsna/sprette opp, og for all del luft bunaden godt!  På denne måten bevarar du bunaden din og har glede av den i mange, mange år.

Oppbevaring
Bunaden bør oppbevaras i ein bunadspose av stoff som er lystett og pustar. Har du ikkje bunadspose kan du bruke eit dynetrekk.  For å halde møllen unna kan ein for eksempel bruke cedertrekuler eller lavendel i posen, det er lukter møllen ikkje likar.

Bunadskjorta

Skjorta bør vaskas rett etter bruk så ikkje flekkar festar seg.

Skulle du oppdage at du hadde glømt det sidan sist, fortvil ikkje!  Dei fleste flekkar gjeng vekk med litt pleie og tolmodigheit.

Handvask
Vaskar du skjorta for hand, bør du bruke varmt vatn ettersom dette bind fargene.  Løys opp eit nøytralt vaskemiddel i vatn. Skjorta bør ikkje ligge blaut, da broderiet kan farge av. Skyll skjorta godt etter vask.

Har du derimot ei linskjorte med kvitsaum og du syns ho har blitt litt gul?  Da kan du godt la ho ligge natta over i kaldt vatn for å skylle ut gulfarga, bytt vatn nokre gonger under vegs.

Maskinvask
Bunadskjorta tåler meir enn du trur og kan faktisk vaskas i maskin på 40 grader finvask, med eit nøytralt vaskemiddel.

Skjorta bør ikkje maskinvaskas kvar gong, da dette kan slite på broderiet, men om du bruker bunaden ein gong i året så har du skjorte i mange år. Bruk gjerne ein vaskepose for å skåne broderia.

NB: Skjorte brodert med innslag av DMC gull/sølv tråd er vaskeanvisningen 30 grader.

Oppbevaring
Du bør vente med å stryke skjorta til den skal brukas. Oppbevaras skjorta ferdig stryke, kan den lett bli gul.
Solbergbomullen me brukar hos oss,  er krøllbehandla og derfor svært lett å stryke.  Det er lurt å oppbevare skjorta i ein skjortepose/garderobepose, har du ikkje det kan eit putevar gjere samme nytta.

Silkeskjorte
Leverandørane av silkestoffer anbefalar kjemisk rens.  Det er alltid lurt å lufte skjorta godt etter bruk. Småflekkar kan ein vaske forsiktig med ein klut med lunka vatn og litt mild såpe, men om du syns det er på tide med ein skikkeleg vask så følg instruksane.