Band og belte har vore ein viktig del av draktskikken heilt sidan vikingtida. I denne videoen viser me deg korleis eit tradisjonelt brikkevevd hårband blir til – frå fletta renning på rennebommen til tredd brikkevev. Du får vite meir om kor mange brikker som trengst, kva for innslagsgarn me bruker, og kva utstyr du treng dersom du vil veve sjølv. Me hjelper deg gjerne i gang med både utstyr og renneflette, eller me kan veve eit heilt ferdig hårband til deg!
Ekte Telemarksbunader skreddersydd i Bø sidan 1956
Åpningstider i påsken
Palmelørdag kl 10.00-15.00
Man, tir, ons. i påskeuken 08.00-16.00
Påskeaften STENGT
Dette er Almankås
Ta turen innom å sjå det store utvalget me har til bunaden, og systugo, der bunadene blir til av dei dyktige syerskene.
Våre bunader
Damebunad
Hos oss får du alle dei kjente og kjære folkedraktene til dame. Alle plagga blir sjølvsagt sydd etter mål, og individuelle tilpassingar og ønsker.
Herrebunad
Me syr rundtrøye, Aust- og Vest-Telemarkbunader til menn. Bunadene er basert på originale festplagg frå Telemark, men åpnar for individuelle tilpassingar.
Barnebunad
Våre barnebunader er forenkla utgåver av originale bunader til vaksne. Alle barnebunader er svært enkle å tilpasse ettersom barnet veks, og kan derfor brukas år etter år.
Få bunaden til å sitje perfekt!
Usikker på korleis du knyter silketørkle, festar sokkeband eller stylar håret til bunaden? Våre enkle steg-for-steg-videoar viser deg akkurat korleis du gjer det!
Hårvippe som er vippet med eget hår og band
Vår fagkunnskap gjer at du kan vere trygg på at du får ein vakker og stilriktig bunad, med gode materialar og førsteklasses handverk.
#mintelemarksbunad