Beltestakk sølv
Halsringen brukas for å halde skjortesnippane sammen og er ein direkte etterkommar etter vikingtidas ringspenner. Halsringane fins i to størrelser.
Byggkornringen er eit alternativ til halsringen og var veldig vanleg i Telemark.
Slangesølja var veldig populær i Telemark og er ei typisk filigransølje. Den brukas i dag som hovedsølje eller midterste sølje.
Bolesølja er den største sølja og var frå gammalt av den mest verdifulle sidan prisen gjekk etter vekt. Den har namnet sitt etter dei seks opphøgde ringane, eller bolene som lagar forma på sølja. I dag brukas bolesølja oftast som hovedsølje til stakken.
Bøheringsringen er spesiell for Bø og hører til beltestakken. Mange brukar Bøheringsringen som hovedsølje til stakken, men ein kan også bruke den i midten.
Malene på livet er berre til pynt på beltestakken, dei kjem både med og utan lauv.
Beltespenne på beltestakken er ikkje nødvendig, men mange vil gjerne ha den ekstra utsmykkinga.
Jakkespenne på kufta er ikkje berre til pynt, det har også sin funksjon, men er ikkje nødvendig i dag.
Mansjettknappane i armane er tradisjonsrike filigransknappar.
Hører til:
Beltestakk med broderi
Beltestakk med broderi på forklet var det mest vanlege frå 1830 til rundt 1870.
