Aust-Telemark dame sølv
Halsringen brukas for å halde skjortesnippane sammen og er ein direkte etterkommar etter vikingtidas ringspenner. Halsringane fins i to størrelser.
Byggkornringen er eit alternativ til halsringen og var veldig vanleg i Telemark.
Slangesølja var veldig populær i Telemark og er ei typisk filigransølje. Den brukas i dag som hovedsølje eller midterste sølje på Aust-Telemarkbunaden.
Bolesølja er den største sølja og var frå gammalt av den mest verdifulle sidan prisen gjekk etter vekt. Den har namnet sitt etter dei seks opphøgde ringane, eller bolene som lagar forma på sølja. I dag brukas bolesølja oftast som hovedsølje til Aust-Telemarkbunaden.
Malene på livet er berre til pynt på Aust-Telemarkbunaden, dei kjem både med og utan lauv.
Mansjettknappane i armane er tradisjonsrike filigransknappar.
Beltespenne på Aust-Telemarkbunaden er ikkje nødvendig, men mange vil gjerne ha den ekstra utsmykkinga.
Jakkespenne på kufta er ikkje berre til pynt, det har også sin funksjon, men er ikkje nødvendig i dag.
Hører til:
Prinsesse med band
Prinsesse med band skil seg ut med sitt raude liv og broderte livkantar og forkleband.
