Spm. og svar

Her finn du nokre av dei vanlegaste spørsmåla vi får. Har du andre, håpar vi du kjem innom butikken, eller tar kontakt med oss på telefon eller e-post. Vi vil forsøke å svare deg så godt vi kan.

Kor lang tid tar det frå eg bestiller bunaden min, til den kan leveras ?

Det avhenger av kva slags bunad du vel, men du bør beregne eitt år.

Bør eg ha tilknytning til det området eg ønsker at bunaden min skal vere frå?

Tradisjonelt var det slik, men i dag vel ein først og fremst den bunaden ein likar best. Dei fleste vel imidlertid bunad frå det området dei bur, eller der slekta kjem frå.

Kan eg leige bunad hos Almankås?

Vi har ein flott brudestakk til dame, og ein herrebunad frå Vest-Telemark som vi leiger ut.

Bunaden har blitt for liten, kva gjer eg?

Ta den med til oss! Vi reparerer og justerer Telemarksbunaden din.

Kor finn eg ei oversikt over kva slags mønster eg kan velge mellom?

Kjem du innom butikken vår i Bøsenteret, kan du se nærmare på dei mange mønstra vi har til dei ulike folkedraktene frå Telemark.