Ingebjørg Almankås

Råd og tips

Tar du godt vare på bunaden held den seg like flott i mange år. Her får du nokre tips om korleis.

Bunad

Reingjøring  
Flekkar på bunaden fjernas normalt med mildt såpevatn. På vanskelege flekkar som fett og saus, kan du bruke whitesprit på ei fille og gni flekken forsiktig bort.

Oppbevaring  
Bunaden bør oppbevaras i ein bunadspose av stoff. Som bunadspose kan du for eksempel bruke eit dynetrekk.

Bunadsskjorte

Skjorta bør vaskas rett etter bruk så ikkje flekkar festar seg.

Handvask  
Vaskar du skjorta for hand, bør du bruke varmt vatn ettersom dette bind fargene. Løs opp eit nøytralt vaskemiddel i vatn. Skjorta bør ikkje ligge blaut, da broderiet kan farge av. Skyll skjorta godt etter vask.

Maskinvask  
Buandskjorta kan vaskas i maskin på 40 grader finvask med eit nøytralt vaskemiddel. Skjorta bør ikkje maskinvaskas kvar gong, da dette slit på broderiet.

Oppbevaring  
Du bør ikkje stryke skjorta før den skal brukas. Oppbevares skjorta ferdig stryke, kan den lett bli gul.
Solbergbomull er krøllbehandla og derfor svært lett å stryke.

Bunadsølv

Sølvet kan enten pussas med pusseklut eller flytande sølvpuss og ein liten tannbørste. Etter pussing bør sølvet skyllas godt. Pass på at det er heilt tørt før du pakkar det inn.