Med kvit lang jakke

Vest-Telemarkbunaden med kvit jakke er frå andre halvdel av 1700-talet og blei bruka fram til første del av 1800-talet.

Det var Eldrid Robberstad som skapte denne bunaden. Den blei satt i produksjon i 1958. Bunaden er ikkje kopiert direkte etter gamle plagg, og regnas derfor som ein nokså fri komposisjon.

Det er den kvite steglatrøya som er utgangspunkt for bunaden, men det er det særprega broderiet med det stilisera rosemønsteret på vesten som knytter denne bunaden til folkedrakttradisjonen. Steglatrøya blei bruka i fleire delar av landet tidleg på 1800-talet, med ulike lokale variasjonar.

Til denne bunaden brukar ein blå vest med rosesaum i raudt, kort eller lang bukse i svart vadmel, kvit skjorte med kvitsaum eller farga broderi, kvite knestrømper med strømpeband til kortbuksa, halsknapp eller halsring og mansjettar i armane, svarte sko og svart hatt.

Tilbehør

bilde

Herrebunad sølv

Ein brukar det samme sølvet til Aust- og Vest-Telemarkherrebunad. Det er Hornring eller halsknapp, knappar, mansjettar, buksespenne og beltespenne.

Les mer

bilde

Hatt

Hatt i mange variantar var vanleg tilbehør til dei aller fleste herrebunader.

Les mer

bilde

Silketørkle

Halstørkle i silke.

Les mer

bilde

Strikka sokkar

Strikka sokkar brukas til både Aust-Telemark og Vest-Telemarkbunaden med kortbukse.

Les mer

bilde

Dale 3063

Herresko i skinn med spenne av tinn. Passar til alle herrebunader.

Les mer

bilde

Dufsesko

Dufsesko passar til alle typer bunader, til både menn og kvinner.

Les mer