Bringeklutbunad

På bringeklutbunaden er dei forskjellige delane av bunaden nøyaktige kopiar av tilsvarande gamle plagg. Samansettinga av plagga gir eit godt bilde av korleis kvinnene i Vest-Telemark gjekk kledd på 1800-talet.

Bringeklutbunaden tar utgangspunkt i draktskikken slik den var i Vest-Telemark frå starten av 1800-talet og fram til 1880 åra.

Det er stor forskjell på bringeklutbunaden og den broderte Vest-Telemarkbunaden, sjølv om begge er frå samme periode. Livet på bringklutbunaden har dei samme karakteristiske snippane i ryggen som dei andre bunadene frå Vest-Telemark, sjølv om dei ikkje er like lange på bringeklutbunaden.

Bringekluten er eit tørkle som ein bretter til eit rektangel og legg over bringa. Tørklet festas ved å legge det under selene på livet. Tørklet kan variere mykje i farge, mønster og stofftype.

Til bringklutbunaden brukas kvit skjorte med kvitsaum eller farga broderi, kufte, tulletørkle eller valk på hovudet, silktørkle i halsen, halsring og sølje på bringa, samt mansjettar på armane, svarte strømper og svarte sko.

Tilbehør

bilde

Vest-Telemark dame sølv

Til Vest-Telemarkbunadene brukar ein halsring, Slangesølje, Bolesølje, mansjettar på armane, maler og malelenke på livet. Det hører veskelås til veska.

Les mer

bilde

Silketørkle

Halstørkle i silke.

Les mer

bilde

Sjal

Store sjal brukas ofte til bunaden i staden for jakke.

Les mer

bilde

Dale 3017

Svart damesko i skinn med litt høgare hæl og spenne i tinn. Passar til alle bunader.

Les mer