Stakk og liv

Mot slutten av 1800-talet kom stakk og liv, som det siste leddet i utviklinga av folkedrakta. Stakk og liv var ei forenkling av beltestakken, og nok ei tilnæring til den nye kjolemoten.

Stakk og liv var vanlig som festantrekk fram til midten av 1920-talet.

På stakk og liv er livet ettersittande og går ned til livet. Det er i dag vanleg å sy det av svart silkedamask, kanta med svarte agramanar. Opprinneleg blei det også bruka silke- eller bomullssateng og tynt ullstoff.

Stakk og liv blir sydd i svart ullstoff av skrådde bredder. Vidda er langt mindre enn på beltestakken.

Skjorta kan vere i bomull, silke, fløyel eller brokadestoff og fins i alle tenkelege farger.

Til stakk og liv er det vanleg å bruke ei sølje på bringa, maler på livet, mansjettar i armane, svarte strømper og sko og vippe på hovudet.

Tilbehør

bilde

Hårvippe

Ei hårvippe kan brukas til alle damebunadene frå Telemark.

Les mer

bilde

Silketørkle

Halstørkle i silke.

Les mer

bilde

Sjal

Store sjal brukas ofte til bunaden i staden for jakke.

Les mer

bilde

Snøresko

Støvlar med skaft og snøring var tidlegare ein vanleg skotype brukt til bunaden.

Les mer

bilde

Dale 3017

Svart damesko i skinn med litt høgare hæl og spenne i tinn. Passar til alle bunader.

Les mer

bilde

Paraply

Paraply som tilbehør til bunaden er eit praktisk tilbehør som har kome på markedet dei siste åra.

Les mer

bilde

Bunadspose

Ein bunadspose er den beste måten å oppbevare bunaden på. Bunadsposen er laga av stoff som som pustar. Det gjer at bunaden får nødvendig luft under oppbevaring. Bunadsposen kjem i kort utgåve til herrebunaden, og lang utgåve til damebunaden.

Les mer