Jubileumsstakk

I forbindelse med vår femtiårsmarkering, samla vi all vår erfaring og ekspertise og laga eit unikt festplagg; Jubileumsstakken!

Jubileumsstakken bygger på vår grundige kjennskap til telemarkstradisjonar, men er samtidig inspirera av det moderne samfunnet. Beltestakken har eit spennande design, friske farger og spesialdesigna sølv.

Smykkene er designa av Arnt Darrud. Søljene er gullforgylte med svalepreg og eit symbolsk hjerte i midten. Malene er unike og blir kun produsert og solgt til denne stakken.

Trøya er laga av vinrød, fransk silke, der blomstermotiva går igjen i dei åtte malene. Livet er sydd av vårgrønn silke med innvevde motiv.

Dette er ein eksklusiv stakk for deg som ønsker å skille deg ut i mengda. Jubileumsstakken blir kun produsert i eit begrensa antall, og kvar stakk blir nummerert og signert.

Tilbehør

bilde

Jubileumsstakk sølv

Arnt Darrud har designa smykkene til jubileumsstakken. Søljene er gullforgylte med svalepreg og eit symbolsk hjerte i midten. Malene er unike og blir kun produsert og solgt til denne stakken.

Les mer

bilde

Sjal

Store sjal brukas ofte til bunaden i staden for jakke.

Les mer

bilde

Broderte vottar

Med brodera vottar held ein både stilen og hendene varme på sjølv dei kaldaste høgtidsdagar.

Les mer

bilde

Broderte sokkar

Strømper med broderi brukas i dag til beltestakk og Aust-Telemark kvinnebunad.

Les mer

bilde

Snøresko

Støvlar med skaft og snøring var tidlegare ein vanleg skotype brukt til bunaden.

Les mer

bilde

Dufsesko

Dufsesko passar til alle typer bunader, til både menn og kvinner.

Les mer

bilde

Dale 3015

Svart damesko i skinn med spenne i tinn. Passar til alle bunader.

Les mer