Beltestakk
Beltestakkens mørke farger blei liva opp av sterke farger på beltet, som igjen blei skjult av ei jakke eller eit sjal.
Den korte jakkeryggen blei sannsynlegvis til fordi ungjentene ville vise fram draktas vakre farger og detaljar på beltet og i ryggen, samtidig som dei hadde fronten tekkeleg tildekt.
Antall silketørkler i beltet antyda kor mange friarar jenta hadde hatt.
Beltestakken kjem opprinneleg frå Midt-Telemark, og var i bruk frå midten av 1800-talet og fram til 1900.
Tilgangen på nye materialar og farger på denne tida, ga stakken nye mulegheiter, og både farger og mønstersamansettingar kunne vere svært forskjellig. I dag er det vanleg at fargene i stakken er meir samstemde.
Til beltestakken brukar ein halsring, ei til to søljer på bringa, maler på livet, mansjettknappar i armane, halstørkle, vippe og/eller silketørkle på hovudet, svarte bunadsko, gjerne dufsesko, og vadmelstrømper.
Beltestakk med broderi
Beltestakk med broderi på forklet var det mest vanlege frå 1830 til rundt 1870.
Les merJubileumsstakk
Jubileumsstakken er ein ekslusiv beltestakk for deg som ønsker deg eit annleis festantrekk.
Brudestakk til utleige
Brudestakken er ein beltestakk med rød stakk i toskaft spelsau, grøn skonning og kvitt brokade li...
Les mer