Aust-Telemark
Karakteristiske detaljar som det raude ullivet og den raude jakka, kjennetegner den flotte bunaden frå Aust-Telemark.
Forskjellen på raudtrøyebunaden og dagens Aust-Telemarkbunad, er framfor alt at stakken er lengre og livet lågare. Dagens bunad har i tillegg fleire broderi. Dette var noko Anne Bamle innførte ved å overføre rosemønsteret frå bunadssokkane til forkle og trøye, og som bord på stakken. Aust-Telemarkbunaden kan vere svart, grønn eller blå og livet raudt. Broderia er svært varierte.
Til Aust-Telemarkbunaden brukar ein skjorte med kvitsaum, svartsaum eller farga broderi. I tillegg brukas halsring, to til tre søljer, maler på livet, mansjettar på armane, veske som hektas i beltet, vippe eller skaut på hovudet og svarte strømper og sko.
Prinsesse med band
Prinsesse med band skil seg ut med sitt raude liv og broderte livkantar og forkleband.
Les mer